Historie

cato pensj 09 053

Historia til den kvitmåla hotellbygningen i Nedre Heidal omfattar både bygginga av sjølve huset og drifta av hotellet slik forholda såg ut og utvikla seg frå tida jernbana vart ført fram til Sjoa tidleg på 1900-talet

 

Hotellet i nedre Heidal vart bygd rundt føre hundreårsskiftet. Det var Iver C. Sletten Mæhlum som sette i gang hotellprosjektet. Han var husmannsgut frå Kvam og var gift med Tora, gardjenta på Mæhlum i Bræbygda.
Det har vorte fortalt at familien hennar Tora likte dårleg at ho skulle gifte seg med husmannsguten. Men Iver C. sa at når dei to var glade i kvarandre så hadde ikkje andre noko med det å gjera.

Iver C. var tiltaksam og ein dyktig forretningsmann. Etter nokre år med handel og bakeridrift på Sjoa, slo han seg opp på tømmeromsetnad. Han kjøpte skogeigedomar, hogg skogen og leverte virke til bl.a. telegrafstolpar. Han vart også medeigar og leiar av selskapet som dreiv skiferbrotet på Pillargurikampen. Han sette i gang med hotellplanane sine med tru på at turistane ville koma med framføringa av jernbanen til Sjoa stasjon som vart opna i 1896.
Iver C. og Tora hadde 7 born. Av desse vart sønene Anton (1880- ), Petter I. (1873- 1958), Iver (1887- 1947) og dottera Kari (1875-1948) knytta til hotellet og Heidal.

 

Frå handel til turisme.

 

Bygginga fann stad på garden Nord-Faukstad som Iver C. hadde kjøpt nokre år tidlegare. Nørdst i jordet på Nord-Faukstad nedafor vegen låg ein heim som kallast Moen. Denne heimen vart nedlagt og folket flytta til andre sida av elva. Jordvegen vart lagt til den nye hotellgarden som vart kalla Faukstadmo.

Opphavleg var det butikk i tømrahuset nordafor der hotellet står. Huset som tidlegare hadde stått sør for Storøygardsbrua, vart kalla bakeriet fordi det var bakaromn i kjellaren. Det var meininga å utvide lokala for handel der. Men Iver C. ville heller byggje hotell på murane. Desse endringane i planane kan ein sjå den dag idag i form av tjukke murar inne i kjellarrommet, der dagens pub har danseplass. Dei doble murane har tydelegvis vori laga for å vera utemurar. Murarbeidet var svært solidt og godt frå seg gjort og murane står framleis like støtt. Handelen tok her slutt men ført vidare når Petter I. starta butikk på Faukstad.

cato pensj 09 053
Hotellbygningen er sett opp av tømmerklovningar med utvendig og til dels innvendig panel. Klovningane vart saga av stort tømmer frå gamle hus, m.a. ein låve frå Nord-Faukstad og ei halvferdig tvihøg stugu frå Horgje. Kløyvinga gjekk føre seg med handmakt. Ei slags oppgangssag vart sett opp, med ein sagarbeidar under og ein over stokken. Brørne Tobias Dalen og Ola P. Dalen Skavrusten sto for saginga. Det har vorti herma etter Tobias at det var tungt arbeid, men løna var bra berre ein dreiv på. Klovningane vart felte saman utan nov. Huset vart ført opp i sveitserstil som vart ført inn i landet av arkitetkter utdanna i Tyskland på midten av 1800-talet. Svalgangane bær preg av ein fantasifull leik med trematerialar der snikkergleda har fått utfolde seg. Ein vestlending som heitte Sylte var byggmester. Hans E. Lie måla bygget.

Hans Lie var son til Einar Fransen frå Øvre Larslykkjun og Marit Iversdotter Grosberg Harehaugen. Hans hadde ei tid budd hjå onkelen sin, Iver Iversen Grosberg, på Lillehammer der han dreiv målarforretning. Christian Lee frå Nord Dakota i USA, son til Hans E. Lie, har fortalt at familien leigde ei stugu i Sveen og budde der medan målararbeidet sto på. Jobben skulle vera ferdig til ein bestemt dato og det var dagmulkt for overskriding. Christian vart fødd medan dei budde i Sveen. Mor hans heitte Berthe Kristensdotter Mork og var frå Brekkom i Fåvang. Familien kjøpte seg jord i Våle i Vestfold. Dei tok namn etter garden som heitte Lie. Faren emigrerte til Amerika i 1904 og han tok etter seg familien i 1906.

 

Ifylgje folketellinga av 1900 var det i tillegg til Sletten familien som da var Anton, Petter I og Kari I., ei tenestejente, to syjenter, ein bakar og ei ”husgjerning”. Seinare var det som regel 6-7 tilsette på hotellet: to stugujenter, ei serveringsdame, to kjøkenelevar, ein gardskar og ei budeie.

Hotellet hadde sengeplass, spisesal og salong til 60 gjester. I bakeriet med den mura bakaromnen i kjellaren, baka dei alt dei hadde bruk for. I same huset vart det også innreid tre rom for dei mange tenestefolka. I hotellkjellaren var det kjølerom for lagring av mat. Store isblokker vart saga ut av elveisen, frakta opp til hotellet og lagt i flis i kjellaren. Andre hus var garasje, vasshus og fjøs. Innbuet var for det meste laga av lokale handverkarar. Dei mange stolane i spisesalen og på sengeroma var såkalla maihaugstolar, laga av handverkaren Maihaugen, på Selsverket. Han laga ein stol for dagen. Prisen var 3 kroner så stykkprisen var lik dagløna.

Hotellet var ikkje bygd for den kalde årstida og var vinterstengt. Vertsfolka budde da i tømrahuset ovanfor vegen. Hotellet vart opna att for påsketrafikk men det var eit kaldt hus og mykje fyring måtte til. Vertskapet hadde nok fyra godt i påska 1912 sidan danskane Mary Fenger og Agnete Bille Top skreiv følgjande: ”Påskeferien 1912 tilbragte vi paa Hedalens Sanatorium, hvor vi i alle Maader har befundet os særdeles vel.”

På nedsida av hotellet var det ein stor hage med granhekk rundt. Ei tid var det også tennisbane der medan det var krokettbane ovanfor vegen. Det kvitmåla hotellet tok seg godt ut der det låg i lia opp frå elva Sjoa. Gamle prospektkort viser den staslege bygningen frå båe sider. Den er avbilda som praktbygning i boka ”Gjende – Sjoa -Heidal – fra berget det blå til kongsgården i eventyret ” av Ragnar Frislid så seint som i 1997, heile eitt hundre år etter at bygget sto ferdig.

cato pensj 09 053

 

Ein artikkel i Lillehammer Tilskuer av 6. august 1903 rosa både hotellet, staden og turmåla for dei som ville høgare opp:

”Hedalens Hotell maa være et meget godt Sted for Folk, som ønsker et fredeligt og roligt sommeropphold paa Landet, eller for saadanne, som ikke ønsker at drage tilfjelds, men helst vil udhvile sig paa et sundt Sted i passende Afstand fra en Jernbanestation. I denne Forbindelse skal nævnes, at Hedalens Hotell ligger ca. 8 Km. fra Sjoa Station. Veien er i den sidste Tid delvis omlagt saa, den maa siges at være meget god.

Fra Hotellet kan foretages kortere eller længre Ture. Man kan gaa op til den venlige lille Gaard Sveen, hvorfra haves en vakker Udsigt over Øvre Hedalen, eller til den vakkert beliggende gaard Ryen, hvorfra man faar et meget interesant Fugleperspektiv over Nedre Hedalen.

Ønsker man at stige høiere op, fortsættes Turen til Svesæteren, et pent og hyggelig Sted med Utdsigt til Hedalsmuen og Fjeldene i Vaage og Lom. Fra denne Sæter er kun en times Marsch til Toppen af Svartkampen, der ligger mellem Hedalen og Otta. Fra denne Fjeldtop har man et ganske storartet Rundskue over de omliggende Bygder.

Fra Hotellet til Svartkampen kan man gaa paa tre Timer. Ønsker man en længere Tur, bør man gaa op paa Hedalsmuen. Derop kan man gaa paa 5-6 timer. Fra Hedalsmuen har man et aldeles storslagen Udsigt over den østlige Del af Jotunheimen.

Hedalens Hotel eies nu af Hr. Anton Sletten.”

 

Hedalens Hotel – Hedalens Sanatorium – Heidal Hotell – Heidal Pensjonat – Heidal Vertshus – Villmarkshuset

 

”Hotelet” som staden vart kalla på folkemunne i Heidal, har gjennom si over hundre år gamle historie hatt fleire namn med ymse eigarar og vertsfolk:

 

Frå 1898 Hedalens Hotel – Anton Sletten

Frå 1906 Hedalens Sanatorium – Kari Sletten

Frå 1946 Heidal Hotell – Iver Sletten junior saman med kona Karen frå 1949

Frå 1955 Heidal Pensjonat – Anna Pålsrud

Frå 1976 Heidal Pensjonat – Marie og Jørgen N. Storødegård

Frå 1992 Heidal Vertshus – Signe og Knut Stubbrud

Frå 1997 A/S Heidal Vertshus – Stubbrudsyskena

Frå 2000 Villmarkshuset – Cato Bergnord

Frå 2012 Heidal Hotel – Thomas Ole Stebergløkken

 

Bilde er fra først på 1900-tallet